mandag 27. april 2009

Utfordring # 17 2009 Art Pieces

Her er mitt bidrag til utfordring # 17 hjå Art pieces challenges.
Bakgrunnen er eit gult einsfarga ark. Så kjem eit rosa mønsterark. Det har eg embossa kantane på i lilla. Deretter har eg hekla ein ramme rundt desse arka. Annakvart hol er deretter pynta med eyelats. Bildet har eg brukt klar embossing på over det heile, og deretter litt sølv glitterlim på dei 3 rosene. Har limt bildet på eit grønt einsfarga ark. Til slutt har eg pynta med ein gul blomst med eyelats i midten. Blomsten har eg elles sverta kantane på med gul stempelpute, og til slutt brukt gul glitterlim på bladene. I alle fall ein fargeklatt i min samling! Synes det var litt artig å få brukt hekling på ein ATC.

Sjå elles http://artpieceschallenges.blogspot.com/

mandag 13. april 2009

Utfordring # 15 2009 Art Pieces


Her er mitt bidrag til utfordring # 15 med tema påske. Egget er stansa ut med QK. Ramma rundt er med gul glitterlim. Elles eit par perler, brads, eyelats og eit stempel.

Utfordring # 14 2009 Art Pieces


Her er mitt bidrag til utfordring # 14 med tema mosaikk. Eg har stansa ut bitane med QK. Dei gule har eg ramma inn med grøn glitterlim, og dei grøne har eg ramma inn med gul glitterlim. Dei hadde ikkje fått tid til å tørke før eg tok bildet.

Julekort nr. 1 i 2009

Julekort nr. 1 i 2009
Her er eit av julekorta eg laga i fjor. Eg har embossa den kvite kanten rundt kortet.

Award

Award
Fekk denne skjønne awarden frå Gro! Tusen takk!

Tyggiskort

Tyggiskort

Bursdagskort - stor melkesjokolade

Bursdagskort - stor melkesjokolade
Baksida på bursdagskortet