mandag 27. april 2009

Utfordring # 17 2009 Art Pieces

Her er mitt bidrag til utfordring # 17 hjå Art pieces challenges.
Bakgrunnen er eit gult einsfarga ark. Så kjem eit rosa mønsterark. Det har eg embossa kantane på i lilla. Deretter har eg hekla ein ramme rundt desse arka. Annakvart hol er deretter pynta med eyelats. Bildet har eg brukt klar embossing på over det heile, og deretter litt sølv glitterlim på dei 3 rosene. Har limt bildet på eit grønt einsfarga ark. Til slutt har eg pynta med ein gul blomst med eyelats i midten. Blomsten har eg elles sverta kantane på med gul stempelpute, og til slutt brukt gul glitterlim på bladene. I alle fall ein fargeklatt i min samling! Synes det var litt artig å få brukt hekling på ein ATC.

Sjå elles http://artpieceschallenges.blogspot.com/

mandag 13. april 2009

Utfordring # 15 2009 Art Pieces


Her er mitt bidrag til utfordring # 15 med tema påske. Egget er stansa ut med QK. Ramma rundt er med gul glitterlim. Elles eit par perler, brads, eyelats og eit stempel.

Utfordring # 14 2009 Art Pieces


Her er mitt bidrag til utfordring # 14 med tema mosaikk. Eg har stansa ut bitane med QK. Dei gule har eg ramma inn med grøn glitterlim, og dei grøne har eg ramma inn med gul glitterlim. Dei hadde ikkje fått tid til å tørke før eg tok bildet.

mandag 30. mars 2009

Utfordring # 13 2009 Art Pieces

Då rakk eg så vidt å verta med på den 13 utfordringa! Veldig bra tema denne gongen også. Eg har rifta kantane litt på mønsterarket, og brukt grøn stempelpute på kantane. Eg har brukt same stempelpute til å stempla swirlen, og sidan brukt grøn glitterlim oppå. Øverst til høgre har eg embossa ein swirl som var i mønsterpapiret. Eit band kom med på denne ATC-en også, og nokre grøne blings, og ein grøn halvperle oppe i venstre hjørne.

Sjå http://artpieceschallenges.blogspot.com

tirsdag 24. mars 2009

Mine tekststemplar


















Her er mine tekststemplar. Eg har ikkje lagt inn mine julestemplar enda. Har kanskje ikkje behov for dei akkurat no? =)
På nr. 31 og 37 kom det med litt ekstra stempelsverte...

mandag 23. mars 2009

Utfordring # 12 2009 Art Pieces



Her kjem min Asia-inspirerte ATC! Eg var på ein mini-jordomreise i 2004, og var blant anna innom Japan.

Sjå elles: http://artpieceschallenges.blogspot.com

mandag 2. mars 2009

Utfordring # 9 2009 Art Pieces

Dette er min ønskevinterferie! Ein strandsol på ein solrik og varm strand. Og seine late dagar... Det bakerste arket har eg sverta med stempelpute langs kantane. Det mørkeste brune arket er baksida av det andre. Endeleg fekk eg brukt eit av stempla som eg er redd kan verta eit favorittstempel... Strandstolen er klipt ut av eit mønsterark som var fylt av slike stoler i ulike fargar. Eg har lakka strandstolen på det andre arket og gått over heile ATC-en med lakk. Deretter limt på pynten. Enkelt og raskt gjort. Bildet vart litt lite, men det ville ikkje annleis i kveld. Då vart det for mykje blitz eller for mykje forstyrringar, så det får gå. Likte godt tema for denne utfordringa, og måtte berre finne på noko så eg vart med denne gongen!



mandag 23. februar 2009

Utfordring # 8 2009 Art Pieces



Her er ATC-en eg har laga til utfordring #8 til Art Pieces. Den skulle vera i svart og kvit med bling. Bildet vart ikkje heilt bra, men stempelet er embossa på kvit bazzill. Blomsten er embossa i kvitt, og pynta i kantene med kvit glitterlim.

http://artpieceschallenges.blogspot.com/

søndag 15. februar 2009

Utfordring # 7 2009 Art Pieces


Valentines Day! Her er eit kort eg har laga til denne utfordringa, og har sendt det til ei venninne.

mandag 29. desember 2008

Adventsmoro - 17 - la det glitre!


Eg fekk lyst til å vera med på denne utfordringa også! Skal senda inn kortet til dei òg. Det som ser utheva ut på kortet er kvit glitterlim. Dette kortet var gøy å lage!

Julekort nr. 1 i 2009

Julekort nr. 1 i 2009
Her er eit av julekorta eg laga i fjor. Eg har embossa den kvite kanten rundt kortet.

Award

Award
Fekk denne skjønne awarden frå Gro! Tusen takk!

Tyggiskort

Tyggiskort

Bursdagskort - stor melkesjokolade

Bursdagskort - stor melkesjokolade
Baksida på bursdagskortet